Vest-Telemark Museum
Immateriell kulturarv er levande tradisjonar og tradisjonelt kunnskap som blir overført mellom folk. Dette inkluderer blant anna kunnskap og ferdigheitar knytt til det tradisjonelle handverket.
Vest-Telemark Museum ser bevaring og formidling av dette som ein del av sitt samfunnsoppdrag.
Bygningsvernsenteret på Vest-Telemark Museum
Bygningsvernsenteret spring ut av museets eigen handverksavdeling for vedlikehald av dei mange freda og verneverdige bygningane til museet.
Bygningsvernsenteret har brei kompetanse på trebygningar. Bygningsvernsenteret har ein stor og moderne verkstadhall, eigen sag og eit stort lager for materiale og historiske bygningsdelar. Bygningsvernsenteret er ein arena for kurs innan tradisjonelle handverk.
Bygningsvernsenteret på Vest-Telemark Museum har ein bygningsvernrådgjevar som tar oppdrag i heile Telemark.
Rådgjevingstenesta starta som eit pilotprosjekt i Vest-Telemark i 2020. Frå sommaren 2022 har vi dekt heile Telemark med finansiering frå fylkeskommunen. Vi har førebels finansiering av fylkeskommunen ut 2024 for å utøve tenesta i heile Telemark.
Utdanning for handverkarar i det tradisjonelle handverket
Bygningsvernet har behov for fleire handverkarar med kunnskap om tradisjonelt handverk. Sidan 2018 har vi husa deler av Fagskolen Innlandet sin bygningsvernutdanning, Bygningsvern I og Bygningsvern II.
Er du handverkar og er nysgjerrig på den tradisjonelle delen av faget ditt, sjekk ut:
Bygningsvern | Fagskolen Innlandet
Rehabilitering av verna konstruksjoner i betong, mur og puss | Fagskolen Vestfold og Telemark
Rehabilitering av verna mekaniske konstruksjoner | Fagskolen Vestfold og Telemark
Trond Arild Pedersen
post@bygningsverntelemark.no