Bygningsvern Telemark

Vest-Telemark Museum

Immateriell kulturarv er levande tradisjonar og tradisjonell kunnskap som blir overført mellom folk. Dette inkluderer blant anna kunnskap og ferdigheitar knytt til tradisjonell handverk. Vest-Telemark Museum ser bevaring og formidling av dette som ein del av sitt samfunnsoppdrag.

Bygningsvern-senteret på
Vest-Telemark Museum

Bygningsvernsenteret spring ut av museets eigen handverksavdeling for vedlikehald av dei mange freda og verneverdige bygningane til museet. Bygningsvernsenteret har brei kompetanse på trebygningar. Bygningsvernsenteret har ein stor og moderne verkstadhall, eigen sag og eit stort lager for materiale og historiske bygningsdelar. Bygningsvernsenteret er ein arena for kurs innan tradisjonelle handverk. 

Bygningsvernsenteret på Vest-Telemark Museum har ein bygningsvernrådgjevar som tar oppdrag i heile Telemark.

Rådgjevnadstenesta starta som eit pilotprosjekt i Vest-Telemark i 2020. Frå sommaren 2022 har vi dekt heile Telemark med finansiering frå fylkeskommunen. Vi har førebels finansiering av fylkeskommunen ut 2024 for å utøve tenesta i heile Telemark.

Utdanning for handverkarar i det tradisjonelle handverket

Bygningsvernet har behov for fleire handverkarar med kunnskap om tradisjonelt handverk. Sidan 2018 har vi husa deler av Fagskolen Innlandet sin bygningsvernutdanning, Bygningsvern I og Bygningsvern II. Er du handverkar og er nyfiken på den tradisjonelle delen av faget ditt, sjekk ut: [nettadr.].

I Telemark tilbyr Fagskolen Vestfold og Telemark vidareutdanning innan rehabilitering av verna konstruksjonar i betong, mur og puss og for rehabilitering av verna mekaniske konstruksjonar. Sjekk: [nettadr.].